Skeisesesongen 2021/22 har starta!
Den fyrste samanlagt-tevlinga i sesongen 2021/22 var eigentlig ein overløpar frå førre sesongen. Men dét er jo noko me er vande med etter kvart. Ei fin mønstring av veteranløparar tidleg i oktober er ikkje av vegen det heller!
På førehand kunne det sjå ut som om det skulle bli ein jamn kamp om sigeren i UGSRM 2021. Fire klassiske distansar, der Ketil Aalberg er best på dei lange, medan Arild Kotte skulle ta seg av dei korte. No gjekk det ikkje heilt Kotte sin veg på 500 m denne gongen; istaden var det faktisk Aalberg vann distansen og som tok heile 2,1 sekund på rivalen.
Etter dette var vel spaninga om sigeren so som so, sjølv om Kotte hadde ein god dag 2 med siger på 1500 m og andreplass på 10 000 m.
Dobbeltsiger til BØSK på heimebane, og bronsemedaljen gjekk med god margin til Geir Nesset, TSK.
Tilsaman var det 28 menn som fullførde dei fire distansane i Fosenhallen fredag og laurdag.
Ketil Aalberg: Inspirert av Nils
Meister Aalberg røpar til oss at han er inspirert av opplegget til sjølvaste Nils van der Poel. Saman med Kotte har han trena bra gjennom sumaren, og målet er rett og slett å bryte draumegrensa på 15 minutt i løpet av den sesongen som kjem! Persen til Aalberg er 15.31 (2019).
Eldste kvinne slo konkurrentane
I kvinneklassen var det fem deltakarar som gjekk dei fire distansane, og det var sjølvaste 10 000 – meteren som gjorde utslaget i favør av Sara Hemmer, Aktiv SK. Sara gjekk sine fyrste løp sidan februar 2020, og ho var òg den eldste av damene denne gongen. Alder inga hindring!
Nr. 2 i klassen for kvinner: fjorårsvinnaren Trine Landsem, Falken. Nr. 3: Susanne V. Stensvaag, Panserkameratene.
NM for veteranar 2022 skal gå på Hamar, og der skal Sara Hemmer og Ketil Aalberg vera til stades. Sara sitt svar når me spør om mål for sesongen: «Eg vil bli betre på 10 000 m, men eg er jo ikkje mellom dei mest målmedvitne!» Me nemner til slutt at ho er den einaste kvinna over 60 i verda som har personleg rekord under 20 minutt på 10 000 m. I Bjugn gjekk ho på sterke 20.13,80.
Resultat frå Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2021 (Speedskating Results)
Biletet er henta frå Facebook-sida til Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2021.
Hjertelig takk for enda ei STOR skøytehelg i Fosenhallen! Jeg kom meg hjem fra denne fine helga nesten uten stemme, ikke fordi jeg hadde heia fram løpere på ti’ern, men fordi jeg under banketten prøvde å prate med/rope til gode og interessante skøytevenner. Det som nemlig skjedde, og som stadig skjer under sånne sammenkomster, er at noen har bestemt seg for å avholde en konsert med så høgt volum at den hyggelige praten ved bordene må gå over til roping og forsøk på munnavlesing; derfor ett døgn nesten uten stemme. Jeg veit at det er mulig å regulere volumet på forsterkerne, men at det samtidig er umulig å få dere til å dempe volumet til et nivå som hadde gjort det mulig å ha hatt den gode og interessante samtalen under banketten. Jeg veit også at dette sure oppstøtet ikke vil ha noen som helst virkning på lydnivået under neste bankett – i april- , men det gjorde godt å få skrivi dette. Med hilsen fra en som nå to dager seinere nesten har fått normalstemmen tilbake.