Dei nest beste

I vinter såg eg eit oversyn over alderen på deltakarane i ein av dei norske meisterskapane. Det slo meg at svært få var 25 år eller eldre om vi ser bort frå dei som er ganske fast på representasjonslag. Det er ikkje heilt som det skal. Fråfall skjer i all aktivitet, og grunnane er mange og individuelle.

Kan det tenkjast at ein av grunnane i vår sport er lite spennande internasjonalt konkurranseprogram for dei som ikkje kvalifiserer seg til verdscupdeltaking? Somme løparar er år etter år tett på å kvalifisera seg, men manglar litt. Andre er på solid nasjonalt nivå, men noko unna verdscuplaget. Trass i at det er cup for dei som er under 23 år, undrast eg på om det manglar noko.

Eg kunne tenkt meg at det vart arrangert eit internasjonalt eliterenn same helga som verdscupen startar. Det kunne verta eit bra alternativ for dei som ikkje kom seg til cupen. Løparar som var sjuke eller ikkje fekk det heilt til under kvalifiseringa kunne fått ein ny sjanse til å visa seg fram to-tre veker etterpå.

For å sikra eit elitestempel kunne det vera ei kvalifiseringstid, ikkje altfor streng men slik at ikkje alle kunne melda seg på. Eg ser for meg til dømes 2.00.00 på 1500 for menn og 2.10.00 for kvinner. Eit slikt stemne ville neppe vera meir krevjande å arrangera enn ein nederlandsk meisterskap. Kanskje med 20-30 deltakarar på kvar distanse. Ikkje nasjonskvotar. Stemnet burde bli arrangert på ein europeisk bane som mange kunne nå ganske rimeleg, Inzell eller Berlin?

  • Synspunkter? Bruk kommentarfeltet nedenfor!

Same helga som EM etter jul kunne det bli arrangert eit allroundstemne ut frå liknande kriterie. Eg trur to slike arrangement ville inspirera ambisiøse og kanskje eventyrlystne aktive.

1500.png

 

Eit eksempel, resultatlista på 1500 menn under NM i Stavanger. Der er det mange løparar med gode tider. Ein del får plass på WC-lag. Eit fleirtal får ikkje. Klarer ein å halda interessa oppe slik at fleire blir 30 år før dei gir seg vil miljøet og konkurransen i norgescupen bli større. Ein og annan kjem seg inn på representasjonslag etter kvart (dei må berre ikkje gi seg for tidleg). Løparane kan ikkje rekna med store inntekter eller nasjonal kjendisstatus. Spennande sportslege mål å sjå fram til kan vera drivkraft nok.

Dette er overkomeleg om det er behov for det.

 

 

(skrevet av K. A. Straumsvåg, hentet fra Norway Supporter Teams debattforum)

Illustrasjonen øverst er hentet fra Wikimedia Commons.

En kommentar om “Dei nest beste

  1. Dette er en komplisert problemstilling med sannsynligvis like mange individuelle årsaker. Jeg kan ikke svare for alle (vet heller ikke om jeg kunne klassifiseres i kategorien som en av de «nest beste»), men jeg vil tro at det handler mye om at alternativkostnaden ved å fortsette etterhvert føles for stor for mange. Jeg kan selv skrive under på at 100% skøytesatsing er vanskelig å kombinere med relativt tunge teoretiske studier, noe som gjør at man ofte står overfor valget om å satse skøyter eller begynne å studere. Med tanke på at 5-årige masterprogrammer begynner å bli mer normen enn unntaket er det kanskje naturlig at utøverne som ikke slår helt igjennom innen de er 25 år, begynner å tenke tanken på å prioritere studier slik at de kommer seg i jobb før fylte 30. Slik var det i alle fall for meg. Uten noe konkret empirisk grunnlag vil jeg tro dette vil gjelde nesten uavhengig av idrett, særlig med tanke på hvor viktig utdanning er i 2017.

    Når det er sagt, er jeg dog positiv til denne diskusjonen, da jeg tror at internasjonale konkurranser bidrar positivt i motivasjonen til disse løperne. For min egen del var stort sett NM (både sprint og allround) sesongens hovedmål, men det var særlig sesongavslutningene i Calgary man gledet seg spesielt mye til.

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s