Verdscup i Stavanger! Me stod opp i otta og fekk oss ein gild dag. Her er noko av det me fekk sjå.
Ferja var sett opp til å gå kl 0800, så det var berre å skunde seg avgarde før hanen vakna.
Turen nedover gjekk kjempefint;skulle det gå like bra på banen òg, så kunne forventningane berre skruvast i vèret fyrst som sist!

Hit vil me inn!
0923: 500 m menn gruppe B
Ein god del tilskodarar på plass allereie.
2.par. Cristian L Magnussen 36,22 (18)
Debutanten gjer det han skal og får med seg parsiger pluss nokre verdscuppoeng. Wotherspoon mot Mueller på sidelinja!
3.par Siver Brattgjerd 36,10 (16)
Ny Falken-løpar, ny parsiger. Wotherspoon mot Mulder på sidelinja!
8.par Pål M Kristensen 35,94 (14)
På det jamne for Kristensen, det kjem mange som vil gå fortare enn dette.
12.par Jordan Stolz 35,09 (1)
Stolz vinn som han skal, men inga strålande oppvisning denne gongen.
1001: 1500 m kvinner gruppe B
Speakeren trur det er slutt etter 13 par. Så kjem 14.paret og han læst som ingenting.
1.par Sofie Haugen 2.04,65 (20)
Godt å sjå Sofie er attende. To armar på ryggen.
2.par Francesca Lollobrigida 1.59,51 (3)
Herzog dreg Lollo i gang. Dette blir nok opprykk.
Vinnar: Elisa Dul 1.58,93.

Lollobrigida og Herzog.
1103: 10 000 m menn gruppe B kvartettstart
Ingen Stolz?! Skal han ikkje gå nokon 10 000 m før VM? Men kvartettstart er artig.
2.par Viktor H Thorup disk.
Thorup blir teken att av Belchos frå par 1. Så legg han seg bak i fleire rundar, før han går forbi, men blir passert éin gong til. Dette kan aldri gå bra.
4.par Konstantin Goetze 13.39,88 (15)
Fascinerande å sjå Peter Mueller coache frå sidelinja med fullt engasjement. Dei tre andre tyskarane har andre coachar, pussig nok.
12.par Riku Tsuchiya 13.25,15 (7) / Ryosuke Tsuchiya 13.38,88 (14)
Dette kan bli problematisk for speakeren, men ho greier seg betre enn frykta. Kunsten er å nytte førenamn. Riku vinn duellen.
13.par Kristian Ulekleiv 13.37,14 (12)
Stabil satsing på 32-talet og ny personlig rekord med god margin.
14.par Sigurd Henriksen 13.23,43 (6)
God byrjing og god avslutning gjev jubel frå tribunen.
Vinnar: Marwin Talsma 13.12,62.
(Pause. Det byrjer å drysse snø utanfor. Ein tur til Kiwi for å skaffe nistemat.)

Mykje nederlandsk på indre bane.
1430: 500 m menn gruppe A
Nederlandsk ompamusikk før A-gruppene. Har me verkeleg ikkje musikantar i Noreg?
2.par Håvard Lorentzen 35,10 (8)
Overraskande bra av Lorentzen. Slår parkameraten frå Japan!
4.par Bjørn Magnussen 35,15 (11)
Magnussen fylgjer opp. Vinn paret, men uheldig med hundredelane.
8.par Wataru Morishige 34,65 (1)
Morishige er visst umogleg å slå denne sesongen.

Morishige (bak).
1500: 1500 m kvinner gruppe A
Inga vatning før 1500 m. Speakeren gjer merksam på banerekorden: Heather Bergsma 1.54,92.
8.par Kimi Goetz 1.59,12 (9) / Miho Takagi 1.55,87 (1)
Knockoutsiger!
9.par Ragne Wiklund 1.59,12 (10) / Antoinette Rijpma – de Jong 1.56,95 (2)
Skuffande av Ragne. Viss 1500 meter er for kort, ser det ikkje bra ut til VM. Her må kanskje noko gjerast.

Takagi på veg mot siger.
1551: 10 000 m menn gruppe A
Dei norske prestasjonene til no har ikkje vore heilt som me håpte på. Kan tremannslaget på 10 000 m redde æra framfor eit stort publikum på heimebane?
1.par Kars Jansman 13.29,83 (9) / Beau Snellink 13.51,82 (12)
Gjesp. Refleksjon: Kvifor snakkar speakeren oppå vilkårleg popmusikk? Dette må då vere forstyrrande for eit publikum med dårleg høyrsel.
2.par Casey Dawson 13.32,68 (10) / Jorrit Bergsma 13.16,88 (4)
Brittany Bowe gjev støtte til Dawson, men Bergsma er mykje betre i dag.
3.par Hallgeir Engebråten 13.21,31 (6) / Bart Swings 13.18,34 (5)
Famlande løpsopplegg og trange vekslingar. Dette kunne nok ha vore nokre sekund betre av båe to.
(Vatnepause. Mona Adolfsen stotrar fram at ho vil gje gullmerke til Tron Espeli. Det passar godt til den dårlege mikrofonen at Espeli har «jobba i kulissane».)
4.par Davide Ghiotto 13.02,71 (1) / Michele Malfatti 13.12,89 (3)
Ein ny standard er sett. Men Roest er vel endå litt betre kanskje?
5.par Patrick Roest 13.23,96 (8) / Ted-Jan Bloemen 13.12,33 (2)
Roest ser ut som han vil gjere eit forsøk frå passering 6000 meter. Men nei.
6.par Sverre L Pedersen 13.42,59 (11) / Sander Eitrem 13.22,35 (7)
ITA-CAN-ITA før siste paret. Sander gjev alt, men det held ikkje heilt denne gongen.
Heim att etter ein lang og spennande skeisedag. Takk for ein triveleg tur!


Ang. de tyske løperne med ulike trenere.
Det tyske systemet er slik at det er flere «Bundesträner» enn bare en. I Erfurt er Müeller sjefen, mens Alexis Contin er ansvarlig i Berlin.