Men skeisesesongen var ikkje heilt over… Sjølvsagt måtte Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen (UGSRM) 2022 få setje eit skikkeleg punktum. Heile 10 kvinner og 41 menn kom seg gjennom dei fire klassiske distansane i Fosenhallen!
I kvinneklassa var det Maud Westendorp frå Tromsø SK (og Nederland) som vann samanlagt etter sin fyrste 10 000 m i karrieren. Etter det me kan sjå er poengsummen hennar dessutan den sterkaste som ei kvinne nokon gong har hatt i UGSRM: 227,830 poeng. Me legg òg merke til at heile ni norske kvinner gjekk full firkamp denne gongen – sterkt! Trine Landsem vart nr. 2 etter siger på dei lengste distansane. Solfrid Sivertsen gjekk sine fyrste offisielle konkurranse sidan 2009, og tok ein sterk tredjeplass samanlagt.
I klassen for menn var det «som vanleg» Ketil Aalberg frå heimeklubben BØSK som var sterkast, og han var ikkje mange tidelar bak meisterskapsrekorden til Frode Midjo frå 2018. Midjo vart nr. 3, mens Arild Kotte, tok seg av dei korte distansane og fekk andreplassen samanlagt.
Det er ikkje berre undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemnda som fortener ein stor takk. Me sluttar av rapporten frå UGSRM 2022 med eit sitat frå forumet vårt:
«Totalkonseptet Fosenhallen/UGSRM/OSVPT lyser opp skøytesporten.»
For sjølvsagt kunne meisterskapen sjåast via den unike nettsida OSVPT – berre klikk her.
Komplette resultat frå Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2022 (Speedskating Results)
Biletet: Maud Westendorp (uit.no)