Venta siger til Aalberg i Bjugn

Etter ei rekkje med triste nyhende var vi klare for ein opptur no, og den fekk vi frå Fosenhallen! Heile 42 deltakarar gjorde Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2020 – utsett frå mars – til ei mektig innleiing av denne temmeleg sære sesongen.

42 kvinner og menn til start, og dét i noko så krevjande som stor firkamp, sjølv om ikkje alle kom seg gjennom fire distansar denne gongen. Førehandsfavoritten var nok utan tvil Ketil Aalberg frå heimeklubben BØSK, men nokon enkel oppgåve fekk han ikkje.

På 500 m gjekk sigeren til Arild Kotte, BØSK, foran Rune Farstad, Falken og Aalberg på 3.plass. Vinnartid: 42,87.

Fredagskvelden vart lang då ein skulle ha elleve kvartettar med ymse kvalitet gjennom 12 ½ rundar! Dei fire beste løparane kom i siste kvartett, og sterkest av dei alle var som venta Aalberg. Han var 20 sekund betre enn Kotte, og med Geir Nesset frå TSK på tredjeplassen. Vinnartid: 7.41,35

Uoffisiell stilling etter fyrste dag var jamn i toppen:

Kotte 91,008 p
Aalberg 91,115 p
Nesset 95,754 p

Gode prestasjonar på 10 000 m
Kor mykje krafter hadde løparane att før laurdagen? I nest siste par på 1500 m gjekk Geir Nesset inn til 2.14 og førebels leiing, men dei to beste kom i det siste paret. Arild Kotte var best frå start til mål, og han vann distansen med 2.08,87 – over to sekund føre Aalberg. Før 10 000 – meteren var det difor Ketil Aalberg som måtte slå Kotte med 16 sekund for å bli undergrunnsskeiserørslemeister 2020. Dette måtte vel bli grei skuring; det skiljer 2 ½ minutt mellom dei personlege rekordane deira…

Aalberg heldt seg stort sett på 38-talet gjennom heile mila denne gongen, noko som gav ei respektabel sluttid på 15.51,60. Kotte måtte sleppe taket på rivalen heilt frå start, men med ei sluttrunde heilt nede på 36,6 gjekk han i mål til andreplass på distansen og ny personleg rekord: 16.54,80.

Etter fire distanser vart det som venta siger til førehandsfavoritten Ketil Aalberg, med 182,348 p. Nr. 2 Arild Kotte 184,704, og nr. 3 Geir Nesset 192,589. Gratulerer!

Til slutt var det tre kvinner og 32 menn som kom seg gjennom den store firkampen i Bjugn. Best av kvinnene var Trine Landsem frå Falken, med serien 55,87 – 10.08,54 – 2.45,62 – 21.02,49 = 235,054 p.

 

Komplette resultat frå Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen 2020

Resultat par for par med rundetider (Glitre Tid)

Opptak av løpa (OSVPT)

 


Ketil Aalberg er ein gamal kjenning for oss i «Skøyter 15.46.6»!
Han starta si skeisekarriere for berre tre år sidan og gjorde furore allereie den fyrste sesongen.
Les saka om han frå mars 2018.

 

Med dette erklærer vi skeisesesongen 2020/21 for opna! Neste helg er det «Stavanger Open», men allereie no kan du lese resultat frå testløpa i går, i tillegg til resultat frå Heerenveen og Inzell, på SpeedskatingResults.

Det øvste biletet: Ketil Aalberg (bosk.no)

6 kommentarer om “Venta siger til Aalberg i Bjugn

  1. Flott reportasje! Men undergrunnsskeiserørslemeisterskapen bør vel kanskje rapporterast på i-mål/høgnorsk, eller kva?

  2. Fint referat frå storslagen hending. Og fin målform! Personleg så er eg stor fan av Aasen sitt språkprosjekt. Det er mykje jåleri med bokmålet, og norsken vatnast ut.

    Men du kunne ha nemnt Arne Kjell Foldvik, kanskje. Han er snart 86 år. Sprekare skeiselaupar finn du ikkje! Han trener kortbane og. Nøkternt sett så var han vel stemnet sin største attraksjon.

    1. Arne Kjell Foldvik hermed nemnt: 66,24 – 15.21,62 – 4.11,67 – 32.53,91 = 340,987 p.

      Foldvik går for «Hall of Fame», dvs. medlemar av Panserkameratene som har gått fortare enn Peder Østlund, og som difor er forviste frå PK.

  3. Referater fra sammenlagtstevner leser jeg alltid med glede! Uansett målføre.

  4. Bra at de klarte å arrangere løpet nå, siden det ble avlyst tidligere.

    Artikler og reportasjer om/fra skøyteløp er det eneste jeg kommer meg gjennom, uten at det er skrevet på bokmål

    Som Dansker sliter jeg naturligvis med alle disse andre målformer i Norge, og nynorsk og andre variasjoner er nesten like vanskelig å lese som svensk.

Legg igjen en kommentar til Emil Nielsen Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *